Kurskampanje 03
Kurskampanje 03
Kurskampanje 03
prosjektnavn

Nybyrjarkurs i Rhino og parametrisk modellering!

sted

63.4407°n, 10.4214°ø
prosjektbeskrivelse

Nybyrjarkurs i Rhino og parametrisk modellering!

Rhino er eit 3D-modelleringsprogram eigna for arkitektar, industridesignarar, skipsdesignarar og andre kreative yrkje. Programmet kombinerer høg geometrisk presisjon med effektiv modellering og stor formfridom.

Grasshopper er eit verkty for parametrisk modellering. I staden for å teikne geometri manuelt, lagar ein algoritmer og logikkar som genererer geometri og data. Slike algoritmer har ein brei bruksverdi og kan brukast i alt frå konseptstudier til repetative oppgåver, avanserte geometriar og prefabrikasjon.

I begge desse kursa vil den fyrste dagen ha fokus på å få opp grunnleggande kunnskap på grensesnitt, navigasjon og modelleringsteknikkar. Målet er å lære seg å modellere raskt og presist. Den andre dagen vil vere meir case-retta og kan ta utgangspunkt i problemstillingar som er spesielt relevante for kursdeltakarane.

Kurshaldar har djup, praktisk erfaring med Rhino/Grasshopper til både arkitektur, møblar/design og prefabrikasjon. Ein verdi i undervisninga er å gi kunnskap direkte i kurset, men også gi veiledning på korleis ein skal videreutvikle seg på eigenhand etter kursslutt.


Kurs i Rhino

Nivå: Nybyrjar
Dato: 13.-14. september
Varigheit: 09-16
Stad: Rallarverkstad på Nyhavna
Antal deltakarar: Max 7
Påmeldingsfrist: 7. september
Pris: 8000, lunch inkludert

Kurs i Grasshopper

Nivå: Nybyrjar
Dato: 27.-28. september
Varigheit: 09-16
Stad: Rallarverkstad på Nyhavna
Antal deltakarar: Max 7
Påmeldingsfrist: 21. september
Pris: 8000, lunch inkludert


Velkomen til inspirerande og lærerike dagar!
Påmelding/spørsmål til john@rallararkitekter.com / 48037099
Med atterhald om lav påmelding
Er du interessert i Rhino/Grasshopper-kurs, men ønskjer eit anna fokus eller nivå?