Rallar er eit lite, ungt kontor i Trondheim. Me er opptekne av å skape god arkitektur med fornuftige løysningar, vakre rom og rasjonelle konstruksjonar. Vår drivkraft er å jobbe med naturlege, gjerne lokale materialer, utvikle gjennomførbare prosjekt og å tilpasse prosjekta til omgivnadane.
Me jobbar med monge forskjellige typar prosjekt. Frå einebustadar og hytter til kunstinstallasjonar og spesialtilpassa møblar. Essensielt er at me jobbar heilhetleg med konstruksjon, materialbruk og fargesetting, og på vårt verksted prototypar me detaljer og jobbar fysisk med materialbruk og fargesetting.
Rallar har sentral godkjenning i tiltaksklasse 1 for arkitekturprosjektering, og kan ta ansvar for små til medium prosjekter. I tillegg er me registrert som Wildcard-kontor i Norske Arkitekters Landsforbund.
Me trur eit prosjekt blir best dersom me er med heile vegen. Difor følgjer me opp bygginga tett. Enten i dialog med andre utførande, eller at Rallar sjølv står for byggjinga. Vidare er du som prosjekteigar tett integrert i prosjektet frå
idè til gjennomføring. Du vil sjølvsagt få veiledning gjennom formgiving, kostnadar og søknadar til myndigheitene.
Kombinasjonen og kontrasten mellom klassisk arkitekturprosjektering, digitale verkty og handtverkskunnskap er det som gjer Rallar til Rallar. I gjengen har me både ein tømrar, ekspertise på digital produksjon og ikkje minst innhaldsrike og varierte år med erfaring på arkitekturprosjektering. Kombinasjonen av desse metodane meiner me er nøkjelen til å lage ein framtidsretta arkitektur som samditidg har røter frå den rasjonelle byggeskikken.
At eit kvart prosjekt er unikt, kan høyrast ut som ein klisjè. Men i Rallar er det faktisk slik. Du som kunde har dine ønskjer og behov, tomta har sine særeigenheiter, og ikkje minst området kan gi moglegheiter for lokal materialbruk og skikkar. Difor kan me med handa på hjertet påstå at eit kvart prosjekt er unikt. Difor, har me inga fast oppskrift på korleis ein prosess ser ut. Det me derimot har, er nokre ingrediensar me likar å bruke og nokre av dei kan du få ein smakebit på her.

som sagt. kvart prosjekt er unikt! det gjeld ikkje berre for arkitektur - produksjonen av ein rallar er også unik. så om det er kleder eller arkitektur:
“one size doesn't fit all”

i ein oppstartsworkshop lærer me deg som prosjekteigar å kjenne, og avdekkjer dei grunnleggande behova for kva du ser for deg. her er målet å bli kjent med dykkar kvardag, dykkar behov dykkar økonomiske ramer. fyrst då, når me har forstått spørsmålet, kan me byrje å formgi

me må me vere på tomta. forstå utsikta, kjenne på vinden, sjå korleis sola henvender seg på tomta, oppleve avstanden til naboen og oppdage kvalitetar som er viktige å ta vare på

skisser er viktige for å raskt kunne kommunisere prinsipp og idear

fysiske modellar er bra for å utvikel forma på bygninga

i nokre tilfeller er ikkje hensikta å forstå korleis det skal sjå ut, men å forstå korleis det skal byggjast og henge saman. då går me inn på verkstaden og lagar store prototypar!

blei ikkje prototypa stor nok? då kan me til dømes eksperimentere med fotavtrykk på tomta

me jobbar saman med dykk gjennom heile prosessen. gjerne taktilt i vår herlege materialbank

virtuell røyndom? vr ja? kjekt å ha når me skal forstå romet

material og fargar er greinalaust på skjerm - her må det testast i røyndomen!

me er ofte med å planleggje framdrift, hente inn prisar eller leite fram den eigna tømraren

rallar kan bistå med søknadar og ikkje minst søknadstilpassa teikningar

me er opptatt av detaljar som ser bra ut, som er økonomiske å byggje og som fungerer godt byggteknisk

byggeplassbefaringar er essensielle både for å løyse detaljar, men også for å ha god kommunikasjon med utførande

nokre ganger tar rallar også selve bygginga!

er du interessert i meir info? kom innom kontoret vårt for ein uforpliktande prat!

-
1
-
0