Kven er me?

 

Nokre år tilbake, som forholdsvis ferske studentar teikna vi og bygde eit naust i Haddal, på Sunnmøre. Vi lærte mykje og ville meir. Rallar Arkitekter vart til.

Vi er no ein gjeng på 7 unge arkitektar, alle utdanna ved NTNU. Vi arbeider med hjarte og ungdommeleg pågangsmot og fokuserer på nærleik; å vere nære folk, nære material, nære detaljar og nære våre verkty. Lik dei historiske Rallarane – frie og smått rastlause – reiser vi rundt og tar aktivt del til siste brikke er på plass.