To dagar igjen - eit nesten ferdig bygg

Nok ein nydeleg dag i solsteiken er over, og bygget skal veldig snart stå ferdig.
Idag har har me fortsatt med plexiglass i stort tempo, samt kome langt med legging av tak, parapet og overlysbokser. I periodar var det nesten for varmt til å arbeide, men me skal vel ikkje klage når me kan stå i baris å jobbe kvar dag.

 

I lunsjen idag var me på Gvepseborg, og fekk sjå det nye kafebygget - ein lekker resturant med spektakulær utsikt mot Rjukan og Gaustatoppen. Me fekk også ein finfin omvisning av Rolf frå Context, som har vert med å teikne kafeen. 

Kvelden vart til slutt ganske lang, med grilling av grillspyd og ekstraarbeid fram til klokka 00:00.

 

(Og så fekk me testa lysa rett før leggetid - gled dykk) 

Idag blir siste del av taktrov/kryssfiner lagt. Christoffer har god kontroll på taket.

Idag blir siste del av taktrov/kryssfiner lagt. Christoffer har god kontroll på taket.

Plexiglaset vert festa med farmerskruar, med gummipakning på begge sider. 

Plexiglaset vert festa med farmerskruar, med gummipakning på begge sider. 

Kappgeneral Marit har gått over til plexiglasslegging på veggane. I alt er 8 personar i sving på det arbeidet no. 

Kappgeneral Marit har gått over til plexiglasslegging på veggane. I alt er 8 personar i sving på det arbeidet no. 

Under dagens demonstrasjon for bevaring av Rjukan sjukehus, fekk bygget vårt umiddelbart ein ny bruk. 

Under dagens demonstrasjon for bevaring av Rjukan sjukehus, fekk bygget vårt umiddelbart ein ny bruk. 

John visar musklar

John visar musklar