Alle sjikta er reiste!

Idag har vi hatt ei real langykt i solrikt sommarvêr. Det har bore frukter. Legging av taktro og av plexikledning er godt igang, og siste sjikt er reist! 

Sommarvarmen har verkeleg innteke Rjukan. Fleire fann i pausen vegen til elva for litt nedkjøling og grillen vart dratt fram ved torget, for ei god utandørs middagsstund.

Elles har vi idag mellom anna fått bestemt kvar dei ulike bileta i utstillinga skal henge, og det ser strålande ut. 

I går var vi på den lokale MOT-kaféen der vi fekk pizza og møtte flott ungdom, med interesse for det vi driv med. Vi inviterte til å vere med på møbelbyggjing og vonar å sjå dei att med vener og drillar, i morgon på torget.

Før vi reiste heim i kveld hadde vi ei lita mellomfeiring med villabrus og sjokolade – inne i paviljongen – det nærmar seg det her!

Alle sjikta er oppe.  Foto: Kristian Godø Eliassen

Alle sjikta er oppe. 

Foto: Kristian Godø Eliassen

Første felles samling inne i paviljongen! Foto: Kristian Eliassen

Første felles samling inne i paviljongen!

Foto: Kristian Eliassen

Source: nyhende/2013/6/18/alle-sjikta-reiste