Fin helg på Røros

Hei bloggen!

Lenge sida sist no! Denne helga var me på Røros og deltok på Rørosseminaret - TAF International Celebration of Architecture. Der fekk me møtt både nasjonale og internasjonale arkitektar, og fekk sett mange spennande og inspirerande foredrag.
(I tillegg til det var me med å arrangere heile helga, og hjalp til med rydding, innkjøp, teknisk og servering).  Det var ei utruleg triveleg helg, i ein deilig, uformell setting. Det føltes mykje meir som ein femtiårsdag enn ein konferanse. Me var heldige som nokså tilfeldig vart med på dette arrangementet, og anbefaler både studentar og arkitektar å vere med på neste seminar, som blir i 2015.

 
Seminarets offisielle T-skjorte, med illustrasjon frå Bjørn Otto Braaten. Foto: Ida Lise Letnes

Seminarets offisielle T-skjorte, med illustrasjon frå Bjørn Otto Braaten. Foto: Ida Lise Letnes

Under middagen holdt Steinar og Kristine eit pecha kucha-foredrag, der me fortalte om våre første erfaringar i møte med arkitektrøynda.

Under middagen holdt Steinar og Kristine eit pecha kucha-foredrag, der me fortalte om våre første erfaringar i møte med arkitektrøynda.

I forkant av seminaret bygde me ei utstilling om 1:1 bygging og studentprosjekt på NTNU. Utstillinga sto rett utanfor lokalet der seminaret vart holdt, og mange nysgjerrige arkitektar var innom i løpet av helga og kikka på bilda og konstruksjonen. 

For oss var denne utstillinga også ein eldprøve på prosjektet på Rjukan i sumar, der me fekk testa ut både konstruksjonsprinsippet, byggemåte og bildeoppheng. Me oppdaga at tre korkje er beint eller kvadratisk, og at treskruar og tvinger er det me treng for å setje konstruksjonen i hop.

Bilete frå bygginga i Rørosmuseet sine lokale

Bilete frå bygginga i Rørosmuseet sine lokale

Ferdig utstilling i Bergmannsgate

Ferdig utstilling i Bergmannsgate

Utstilinga vart satt opp i samarbeid med denne gjengen. I tillegg hadde me spesielt god hjelp av Gro Rødne frå NTNU.

Utstilinga vart satt opp i samarbeid med denne gjengen. I tillegg hadde me spesielt god hjelp av Gro Rødne frå NTNU.

Takk for denne gong - me sjåast attende!