Vellukka tur til Rjukan

Etter ei lang reise kjem Rallar fram til Rjukan seint mondag kveld. Kristine er utkvilt etter ei avslappande helg i Oslo, medan me andre er litt slite etter ei lange veke. Modellen som vart bygd tidlegare på dagen vart nesten ferdig, og kom seg heldigvis med på flyet.

Trangt i bilen frå Oslo til Rjukan

Det ventar ein hektisk periode. På to dagar skal me gjennom seks ulike møter, lage ferdig ein presentasjon og bygge modellen ferdig. I tillegg må me attende tidleg torsdag morgon, fordi John skal holde kurs i 3DStudio Max.

Me har trivelege og konstruktive samtalar med kommuna, Norsk Industriarbeider Museum, Visit Rjukan, A til Å Entreprenør og grunneigar. I tilegg skal me på byvandring og prosjektpresentasjon saman med samfunnsutvalget, og representantar frå kommuna og næringslivet. 

Møta går kjempefint, og me treff utelukkande positive folk på Rjukan. Me får tommel opp og fine tilbakemeldingar hos alle - sjukt morro! Me får også påpeika eit par utfordringar som me må jobbe vidare med i detaljeringa av prosjektet! 

Me ser fram til å jobbe vidare, og til å finne ut kven som skal vere med å bygge!

Spennande byvandring med verdensarvkoordinator, Øystein Haugan i spissen

Eit fint møte med grunneigar, Ola Gunnar Midtgarden.