Me flyttar hovedbasen til Rjukan

I haust har Rallarane hatt Kontor (Les: Lager (Les: Roterom)) i kjellaren på NTNU. Dette er tydeligvis litt hysjhysj, då blant anna eksos frå varelevering utanfor vindauga er ein vesentlig andel av lufttilførselen. Dette skal ikkje vere heilt bra for kroppen. No skal kontoret igjen verte lagerrom.

Onsdag reiser me heile gjengen og skal opphalde oss i det me vonar er eit over middels koselig førjuls-Rjukan. Der skal me vidareutvikle prosjektet vårt, snakke med grunneigarar og kommuna. Dette ser me veldig fram til og kjem til å dele framgongen med resten av verda i ein redige rosabloggarfrekvens.

Kontoret er no tilbakeført til Lagerrom

Kontoret er no tilbakeført til Lagerrom