To dagar igjen - eit nesten ferdig bygg

Nok ein nydeleg dag i solsteiken er over, og bygget skal veldig snart stå ferdig.
Idag har har me fortsatt med plexiglass i stort tempo, samt kome langt med legging av tak, parapet og overlysbokser. I periodar var det nesten for varmt til å arbeide, men me skal vel ikkje klage når me kan stå i baris å jobbe kvar dag.

 

I lunsjen idag var me på Gvepseborg, og fekk sjå det nye kafebygget - ein lekker resturant med spektakulær utsikt mot Rjukan og Gaustatoppen. Me fekk også ein finfin omvisning av Rolf frå Context, som har vert med å teikne kafeen. 

Kvelden vart til slutt ganske lang, med grilling av grillspyd og ekstraarbeid fram til klokka 00:00.

 

(Og så fekk me testa lysa rett før leggetid - gled dykk) 

Idag blir siste del av taktrov/kryssfiner lagt. Christoffer har god kontroll på taket.

Idag blir siste del av taktrov/kryssfiner lagt. Christoffer har god kontroll på taket.

Plexiglaset vert festa med farmerskruar, med gummipakning på begge sider. 

Plexiglaset vert festa med farmerskruar, med gummipakning på begge sider. 

Kappgeneral Marit har gått over til plexiglasslegging på veggane. I alt er 8 personar i sving på det arbeidet no. 

Kappgeneral Marit har gått over til plexiglasslegging på veggane. I alt er 8 personar i sving på det arbeidet no. 

Under dagens demonstrasjon for bevaring av Rjukan sjukehus, fekk bygget vårt umiddelbart ein ny bruk. 

Under dagens demonstrasjon for bevaring av Rjukan sjukehus, fekk bygget vårt umiddelbart ein ny bruk. 

John visar musklar

John visar musklar

Alle sjikta er reiste!

Idag har vi nådd ein milepel – alle sjikta er reiste!

Read More

Halvvegs- Rom er skapt

Gjennom dei første hektiske dagane har me fått gjort veldig mykje! Etter ei oppstartsperiode der me lærte oss å kjenne systemet, er me no i full fart til å setje opp alel sjikta i konstruksjonen. Av totalt 32, har me no laga 21 og har planar om å røyse dei siste tirsdag etter lunch. 

No får me snart byrje på taket, fasadene samt setje inn dei avstivande kryssfinerplatene. Og jah! Lysa sjølvsagt! Ikkje gløym lysa! 

Det er ein facinerande måte å byggje på. Bygget veks ut og dannar romma me har sett så lenge på i 3D. No er det røyndom, og det er ganske tøfft!

I går, laurdag hadde inviterte me ungane i Rjukan til å lage møblar som skal stå utanfor. Ein dyktig gjeng, og resultatet blei flotte kunstverk mala på plexi, samt møblar i same struktur som resten av bygget.

I tillegg til bygging, har me fått plass til litt sosialt også. Me meldte oss på ei fotballturnering i nabobygda Atrå. Dette enda med tap, men me fekk i alle fall sklitakla litt! I går blei drill bytta ut med paintball. Ordføraren i kommuna driv også eit eventbyrå, og spanderte like gjerne nokre runder på oss. Veldig kjekt og motiverande! 

 

Alle foto: KristianEliassen

 

 

 

Sebastian - Ingenting er skeivt når Seb er ferdig!

Sebastian - Ingenting er skeivt når Seb er ferdig!

No har konstruksjonen vakse so mykje at me kan ane korleis det vil sjå ut. Me ser fram til å fjerne skråavstivarane! 

No har konstruksjonen vakse so mykje at me kan ane korleis det vil sjå ut. Me ser fram til å fjerne skråavstivarane! 

Alle sjikta blir prebygd på bakken. Deretter vert dei røyst opp med handemakt. Tungt, men veldig spanande å sjå om det passar!

Alle sjikta blir prebygd på bakken. Deretter vert dei røyst opp med handemakt. Tungt, men veldig spanande å sjå om det passar!

Mykje akrobatikk, snirkling og klatring for å få festa alle skruane!

Mykje akrobatikk, snirkling og klatring for å få festa alle skruane!

Dag to - ein fotografikarusell

Hei bloggen. 

Idag har me løfta eit sjikt på plass, og 4,6m er høgt! 

Sjåast imorgon.