Naustet i Haddal. Foto: Maya Laytinen

Bygging av Rjukan Torgstove. Foto: Kristian Eliasen

 

Våre røter

RALLAR har sine røter og verdiar frå eit studentkollektiv  som blei danna i 2012. Saman med Silje Ruud, Sebastian Østlie, Steinar Hillersøy Dyvik, Kristine Øvstebø, Eiliv Andreas Myren Ribe og Kristin Solhaug Næss tok me utdanninga i eigne hender og skapte ein rekke fullskala prosjekt.  Utan desse, samt mange fleire studentar og veiledarar, hadde RALLAR anno 2017 aldri vore det same. TAKK! <3

Me trudde på at arkitektur måtte lærast med å skape arkitektur.  Teikne arkitektur, diskutere arkitektur, budsjettere arkitektur, formidle arkitektur, få-slakt-i-sosiale-mediar-arkitektur, planlegge arkitektur og ikkje minst bygge arkitektur. 

Dette var sjølvsagt naivt av oss, men me er veldig glade me var naive. Faktisk vonar me å vere like naive når me er 80 også. Inget prosjekt skal vere umogleg for RALLAR. Desse prosjekta har lært oss at det hjelp ikkje å teikne eit  fint design om ein ikkje klarer å realisere den. Arkitektur består av so mykje meir av fine teikningar bileter, det er den gode prosessen som lagar god arkitektur.

Rallar-måten

I 2017 blei RALLAR AS stifta på verdiane me skapte i studietida. Sentralt står det enkle ønskjet om å gjere godt arbeid, og vere til å stole på. Når RALLAR har fått oppdraget, skal kunden vere sikker på at RALLAR legg sjela i å skape eit draumeprosjekt. Fortsatt trur me på at det ikkje hjelp å lage eit fint design om ein ikkje klarer å realisere prosjektet.  RALLAR vil bistå i alle fasar av eit prosjekt, sørgje fort at kunden får eit enda betre resultat enn kva ein har sett for seg. 

RALLAR er eit gammalt ord for  omreisande annleggsarbeidarar. Me er ikkje heilt der, men når me lagar arkitektur, prøvar me å vere lengst mogleg på staden. Gjerne fleire dagar i strekk. Forstå klima, forstå området, forstå nabolaget og ikkje minst forstå kunden sine draumar. 

Me ser veldig fram til nye prosjekt, snakk med oss!